Gud gjennomfører sine planer

4. søndag i advent – 18. desember 2011 – Stavanger Frikirke

Luk 1, 39-45:

 

Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

 

Slapp av. Senk skuldrene. Prøv å legge av julestresset – eller andre flyktige eller tunge tankar. Det er så likevel ikkje våre tankar som styrer uviklinga og framtida. ”Alle tider er i Guds hand.”

 

Gud styrer tida mot det målet Han har sett. Han let oss heller ikkje leve veglause. Både i det Det gamle- og Det nye testamente ser vi Guds tydelege fotafar på jorda – gjennom heile historia.

Nei, løysing på alle våre mulige og umulige spørsmål får vi ikkje.

Men Ordet frå Gud er også i dag ei lykt for vår fot og eit lys på vår sti, som viser oss kvar vi skal setje foten på vår vandring gjennom verda – stykke for stykke. Og Bibelen sine Skrifter gjer oss vis til frelse.

Gud forbereder frelsen

Då Jesus vart født i Betlehem, var det ingen ting som skjedde på slump. Alt var taima og tilrettelagd til punkt og prikke. Han følgde dei rutiner og det tidsskjema for verda si frelse han truleg hadde lagt allereide før verda vart grunnlagd. Han følgde det skjema han hadde varsla gjennom profetane - hundreder og tusener av år tidlegare.

 

Når Paulus skriv til Ef om Guds plan for verda, seier han (Ef 1, 4 osv):

 

  • Kristus valde han oss ut før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil….7 I han har vi fridomen, kjøpt med hans blod, tilgjeving for syndene…

10 Han ville fullføra sin frelseplan då tida var fullmogen…

I dameselskap

I dagens tekst får vi bli med ei ung jente på fjelltur – på besøk til ein slektning i ei fjellbygd. Vi aner at stemninga og praten går som det gjer i eit realt dameselskap – trass i den store aldersforskjellen. Vi får uvanlege detaljer frå dei to damene som begge venter barn. Litt merkeleg, men likevel viktige og nødvendige detaljer for å gi oss beskjed om at no er det verda sin frelsar som er på veg inn i vår ”atmosfære”. Vi aner - eit dameselskap regissert av Gud sjøl.

Legen Lukas…

Ikkje utan grunn at det var ein lege som Gud valde til å skrive Jesu fødselshistorie. Legen Lukas som både har skrive Lukasevangeliet og Apgj., fortel sjøl kvifor og korleis han har skrive sitt evangelium:

Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss, 2 slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet. 3 No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av, 4 så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i (Luk 1, 1-4).

Lukas er pinleg nøyaktig og faktabasert i si historie-skriving. Han begynner med å skildre Jesu liv frå før unnfangelsen – heilt til evangeliet var trygt planta i dåveranda verdshovudstaden - Rom.

- Han skriv detaljert om korleis Jesus vart påbegynt i mors liv..

- Om korleis Jesus fullfører frelsesverket ved sin død og oppstandelse...

- Korleis apostlane – etter ordre frå Jesus sjøl, set evangeliet ut i livet med å forkynne omvending og syndsforlating for alle folkeslag

- Og vi får høyre korleis evangeliet virker rundt om i verda – til sjelers frelse – med livet som innsats.

Lukas veit at Jesu fødsel ikkje er ein lokal episode

Det var meir enn ”indremedisin” for eit undertrykt lite land og folk Gud dreiv då Jesus vart unnfanga. Nei, det var i høgste grad verdenspolitikk…

Lukas veit at Jesus har eit guddommeleg opphav som skil han frå alle andre. Han var Gud heilt brå begynnelsen – eit resultat av Guds skapande handling ved DHA.

Som verda vart skapt ved Anden, slik skjer no skapinga av den andre Adam ved Anden. Ein slik frelsar måtte vi ha…

Så tilbake til damene i fjellbygda

Elisabeth veit med ein gong Maria opnar munnen, at ho står overfor den kvinna som skal føde Messias inn i menneskeslekta.

Elisabeth bruker Herre om Jesus før han er født. Ho vitner altså om at barnet er Gud … Og ho undrar seg og kjenner seg uverdig til å få eit så storfint besøk.

Og til og med fosteret i livet hennar reagerer med glede. 6 mnd. på veg, Johannes, greier ikkje ligge stille, han vil vere med på gleda, – og han hopper til i livet til den gamle mora si, då han høyrer Maria komme. Johannes synest allereie å vite kven det er som kjem.

Det er veirydderen, profeten for Den Høgste (v. 76) som helsar Sonen til Den Høgste (v. 32) – med hopp og sprett i mors mage!

Elisabeth er så glad at ho ikkje lenger kan snakke på vanleg vis, men må rope: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv… Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? Ja, sæl er ho som trudde…”- v. 45.

Og Maria responderer med å lovprise Gud

Eit vanleg barn kan ikkje frelse verda

Eit vanleg barn – med Maria og Josef til foreldre, kunne ikkje vere verda sin frelsar. Korleis skulle ein kropp infisert av syndefallet vere det Guds lam som skulle sone all verda si synd ved å dø på korset?? Nei, umulig.. Prøv… Vi trong ein syndefri frelsar (Hebr 7,26):

- Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane.27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv.

Og så legg han til - 28 Dei som lova set inn som øvsteprestar, er veike menneske.

 

Gud har ein plan…

Gud hadde ein plan då, og han brukte vanlege folk til å gjennomføre sine planer. Han brukte

  • Sakarja og Elisabeth til å gi oss Veiryddaren.

  • Johannes var lydig mot oppdraget han fekk og gjekk med liv og lyst til verket – å rydde veg for Jesus. (Fristende for Joh å ta ære

  • Han brukte Maria for å gi oss Frelsaren.

 

Mykje var ulikt, men noko likt mellom desse to damene.

  • Ingen av dei var eigentleg i stand til å unnfange barn.

  • Elisabeth var for gammel, Maria hadde ikkje vore sammen med nokon mann.  

Men som engelen sa til (v. 37): For ingen ting er umogleg for Gud.

  • Ingen av damene var spesielt verdige. Men alt skjedde fordi dei fekk nåde frå Herren. Like.

  • Desse tre – fire, ta med Johannes og, fekk vere med på å føre Guds frelse inn i verda - fordi dei stilte seg til disposisjon. I det var dei like… Dei er Guds statistar, som fekk ei enormt viktig rolle i gjennomføringa av Guds frelsesplan for menneskeslekta.

Bibelen lærer oss verken å dyrke eller tilbe Maria. Men ho kan lære oss – sammen med Elisabeth og Johannes ydmyk lydighet - og å stille seg til trufast teneste for Guds ord.

Maria fekk med seg ei spesiell helsing (v. 28): – Herren er med deg! Den helsinga tok Maria med seg.

Jo, Gud har ein plan…

Gud har ein plan også framover… Gud har ein plan også med ditt liv. Bibelens framtidsplan for denne verda er ikkje lysteleg, dømd som den er til å forgå.

Her er snart ikkje berekraft igjen - råtna som den er av vår synd og skuld.

Men Gud har også planer om ein ny himmel og ei ny jord. Det var det Johannes fekk sjå litt av i synene på Patmos…

I vår situasjon kaller Gud – merk: I sin nåde – alle truande til oppgaver i sitt rike. Ikkje noko fullkome rike enno... Nei, Guds menighet er verdens største under. Men det er slettes ikkje verst heller..?? Er det det då?

Men eg må seie at eg undrer meg at ikkje fleire vil satse meir på Guds rike….. Det er jo det som skal seire til sist!!

Derfor har Bibelen ei lys framtid for alle som trur på Guds son. Guds framtidshåp slokner aldri. til mørkare verdssituasjonen er, til lysare skin Guds framtidslys: Håpet om Guds evige fredsrike!

Som Gud ein gong braut seg veg inn i vår verden i Kristus – ved å bruke Elisabeth, Sakarja og Johannes, Maria og Josef, og ”snekra” ei evig frelse for alle syndarar, skal Han ein gong til kome igjen, denne gongen i himmelsk herlighet.

Då kjem han for å opprette eit rettferdsrike der synd, sjukdom og liding ikkje eingong er bleike minne. Det er om det det står: - Og han skal tørka kvar tåre frå augo deira… (Åp 21, 4).