Guds store julegåve

 

Luk 2, 10-:  10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» --

Jul er gåve

Vi har pakka jula vår inn i så mange ulike lag, det er ikkje enkelt å finne kjernen. Men visst vi skulle samle jula sitt innhald i eitt ord, kva vil du seie? Jul er gåve – til alle – frå Gud!

Kva må vi gjere med ei pakke? I kveld vil vi prøve å pakke opp Guds store julegåve – før vi går heim og opnar alle dei andre pakkane.

Guds pakke må opnast

Då gjetarane sprang til Betlehem og fann stallen og krybba og Jesus-barnet, då ”pakka dei opp”, og kva fann dei?

Det er for stort til å forstå, men vi kan tru på det: Dei fann Gud!

 

Dei som såg Jesus, anten han var barn eller vaksen, såg altså Gud – ”utkledd” som menneske. Dette ”mysteriet” syng vi om i sagen – Et barn er født i Betlehem:

En fattig jomfru satt i lønn og fødte himlens kongesønn. Halleluja!

Men okse der og asen stod og så den Gud og Herre god. Halleluja!

 

Gud – født av ei ung og fattig jente i ein skitten stall i B. Når dyra søkte til krybba etter dei få høystrå som dei brukte å finne der, då var maten opptatt – den måtte tene som underlag for eit sårbart menneskebarn… Kan du fatte?

 

 

Og når dyra såg denne vesle skapningen som okkuperte matfatet deira, kven såg dei då? Eit lite menneskebarn? Ja, men dei såg nok omeir. Dei såg ”den Gud og Herre god”!

 

Gud er blitt naboen vår

I Joh 1, 14 les vi korleis Johannes opplevde dette: ”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.”

 

Men kva betyr så dette? Jo, for å pakke opp videre….

Jo, det betyr at Gud har flytta inn like ved oss, Gud er blitt naboen din. Du har fått ein som er så opptatt av ditt ve og vel at han ikkje kan ta augene sine frå deg. Vi har fått ein som er i stand til å tilgi og befri frå synd og skuld og dårleg samvittighet, frå døden og frå fortapelsen.

Det er ikkje lett å fatte at dette er Gud. Vi forstår Filip som ein gong spurte Jesus: - Herre, vis oss Faderen, ..? Men Jesus sa til han: - Kjenner du meg ikkje ennå, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen (Joh 14, 8f).

 

Mange leiter etter Gud..

Til al

le tider har menneska søkt Gud, og endå i dag er det mange som ikkje kjenner han. Derfor leitar dei i blinde.

 

Nokon leiter i sitt eige indre? Andre i naturen? Mange drøymer å finne Gud på eigne vegar… Stopp!

 

Gud har kome tett innpå oss, så tett på at ingen skal behøve å leite i blinde. - Sjå på barnet i krubba, og tenk på at dette er Guds Son!

 

- Sjå på mannen som lir og dør på korset, og sei til deg sjøl, dette er Guds eigen Son!

 

 

 

Kvifor vart det slik? Kvifor vart Gud menneske? For mi skuld – og di! Ein julesang svarer:

 

Fra krybben til korset gikk veien for deg. Slik åpnet du porten til himlen for meg. Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei, så kan alle samles i himlen hos deg.”

 

Lat oss gå slik gjetarane gjorde

 

Det er flott å lese korleis dei første som fekk høyre om dette barnet, reagerte. Dei sa til kvarandre: – Lat oss gå for å sjå.. Og dei fann barnet i krubba. Av glede lova og prisa dei Gud for denne gåva!

 

 

Også i dag let Gud seg finne, ikkje berre som eit lite barn på høy og strå i ei krubbe.

 

Men går vi til Jerusalem, då er krubba omgjort til eit kors. Der fullførte Jesus frelsa for alle.

 

Vi kunne ikkje finne han, derfor kom han til oss.

 

 

Julekvelden opner vi pakker. Gløym ikkje å opne den store pakken: – Vi finn han bak mye glitter og stas….

 

Av noen plankebiter frå ei krubbe og eit kors laga Gud ei bru – frå himmelen til jorda. Den brua er Guds store julegåve tiltenkt absolutt alle!

 

(Utdrad frå preika i Stavanger Frikirke, julekvelden 2011 – av K. E.)