Ikkje lønn, men nåde

Vi fortener ingen ting. Men Jesus har fortent i staden for oss, og Jesu ”lønn” vil han meir enn gjerne dele ut til syndarar! Slik lønner Gud – for Jesu skuld, ikkje etter forteneste, men med nåde!
 
 
Tema: Guds rike – eit nåderike.  
Jesus må ha sans for bønder. Eg synes vi er innom den eine bonden etter den andre… Også i dag er det ein jordeigar som er på ferde. Kva er det Jesus vil oss med denne likninga? (Sjå bibel-teksten nedanfor.)
 
Torget har alltid vore ein sentral plass i folks liv. Derfor er Jesus rett som det er innom – også i dag.
Og midt på tidens torg også i dag, er det mange som går på åndeleg tomgang og lediggang. Også i dag spør mange etter meininga med livet? Då er det om å gjere at dei får møte Jesus der!
 
Jesus snakka ofte om – arbeid og innhausting, om stor grøde, og om få arbeidsfolk
Ein gong – mens dei gjekk frå by til landsby, stansa plutseleg Jesus. Han såg alt folket som følgde etter dei. Det står at han ”fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. Då sa han til disiplane: - Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.” Matt 9,36-38.
 
Også i dag går ”jorda sin eigar” ut og ser etter ledige: Grøda er så stor!
Evangeliet minner oss om at Jesus stadig er oppteken av å kalle folk til seg. – Kom! seier han. Så seier han også:
- Så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar. Mk 1,17.
Herren har omsorg for grøda – den er nemleg hans. Alle travle folk som spring frå stokk til vegg og er så svimlande forkava på ”tidens markedsplasser”, Jesus vil gjerne kalle dei – til alle døgnets timar om så er!
 ”Gud har ein plan med ditt liv. Han tenkte så kjærlege tankar”.
 
Merkeleg avlønnning - Guds rike er et nåderike
Så fortel Jesus denne likninga for å illustrere for oss korleis Gud ”avlønner” i sitt rike.
”Lang og tru teneste” i frikirka eller i andre sammenhenger, gjer ikkje at Gud plusse på våre pensjonspoeng – verken på jorda eller i himmelen.
Jesus vil lære oss kravstore, som akkurat veit kva vi er verde på arbeidsmarkedet, at i Guds rike får vi ikkje lønn etter innsats, men etter nåde.
Gud går her på jorda, han går på gater og torg – heile dagen lang. Han vil at alle skal bli frelst – 1 Tim 2,4.
Det går an å bli frelst i 11 time. Takk og lov! Dei siste, blir intet B-lag i Guds rike. Nei! Der er det berre vip-plassar. Til alle! Alle får same rettar og herligheter i Guds rike. Guds rike er eit nåderike!
Både kallet til å kome inn i Guds rike er av nåde. Og kallet til å arbeide i Guds rike - er nåde.
 
Kr.dom er ikkje kva vi gjer og utretter, men kva Jesus har utretta/fullført
Denne likninga minner oss om dei to sønene i Luk 15. Den eine bad om arven og stakk til utlandet. Der gjekk han fallitt, angra og bestemte seg for å reise heim att.
Han hadde ikkje store forhåpninger, ikkje noko krav til faren, men kanskje kunne han få vere leigekar på heimegarden?
Men kor overraska vart han ikkje over fars reservasjonslause mottaking! Far tok han i armane, opna heimen, slakta gjøkalven, laga kalas. Serverte topp delikatesser.
Den fortapte sonen var komen heim! Å, for glede!  
 
Men den andre broren, han som hadde jobba heile tida på farsgarden, han hadde far ikkje festa for. Men då denne storsyndaren endeleg kjem heim, då veit ikkje far kva godt han kan koste på han.
Å, kor urettferdig! Er det rart storebror gjekk sur? Nei,… Jo, …
 
For slik er Gud
-         Har du opplevd deg som ein fortapt synder…, som har kome krypande til Jesus – for tusande gong???
-         Har du kjent gleda og overraskinga då Gud tilgav deg alle dine synder?
-         Har du erfart å bli rekna med i Guds eigen barneflokk – med alle himmelens rettigheter og herligheter??
– Kor stort min Gud at eg ditt barn får vera..!
Den eldste sonen forventa avlønning etter forteneste. Han hadde jo jobba i alle år, skulle han ikkje få meir?
Slik også med desse som hadde slite heile dagen i vingarden, skulle ikkje dei få meir?
 
Er det lønn som fortjent vi er ute etter, då har vi ingen sjanse i Guds rike.
Den gjeld du har opparbeid deg overfor Gud, pga dine synder, kan ikkje nedbetalast verken med ”rettferdig liv” eller med livslangt strev i Guds vingard.
Vi fortener ingen ting. Men Jesus har fortent i staden for oss, og Jesu ”lønn” vil han meir enn gjerne dele ut til syndarar!
Slik lønner Gud – for Jesu skuld, med nåde til alle som kjem!
 
Denne sonen som kom heim, han vart overvelda over mottakinga - Guds nåde. Dette hadde han ikkje venta.
Ser du kor han likna på dei som kom i 11 time, dei som kom så seint at dei ikkje rakk å snakke lønn, men som fekk full pott likevel.
Guds rike er eit nåderike! Derfor er det håp for deg - og meg og!
 
(Dette er klipp frå pastor Kåre Ekroll sin tale i Stavanger Frikirke -
 Vingårdssøndagen – 13. februar 2011)
 
Tekst - Matt 20,1-16:
Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2 Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.  3 Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. 4 Han sa til dei: 'Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som rett er.' 5 Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins. 6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: 'Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?' 7 'Fordi ingen har leigt oss,' svara dei. Då sa han: 'Gå bort i vingarden, de òg.'
   
 8 Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: 'Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.' 9 Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.10 Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg.11 Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren12 og sa: 'Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!'13 Han sa til ein av dei: 'Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar?14 Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. 15 Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?' 16 Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»